
Kommunikasjonsrådgivar – Distriktssenteret
Distriktssenteret søkjer deg som har evnen til å fortelje gode historier som er tilpassa den rette målgruppa. Det er du som veit kva som er rett innhald på rett stad. Det er du som får oss til å fortelje bodskapen vår på nye måtar, fordi du veit at det er då vi når fram!
Det vi veit du skal jobbe med
- Skrive artiklar og andre typar tekstar til Distriktssenteret sine nettsider
- Språkvaske, kvalitetssikre og publisere innhald andre har laga
- Lage og dele innhald til sosiale medier
- Planlegge og prioritere kommuniksajonsarbeid saman med kommunikasjonsgruppa
- Vere ein god rådgjevar for dine kolleger og hjelpe med tekstar, bodskap og god formidling
Skriv du godt og veit kva som skal til for løfte innhaldet til nye høgder? Tenkjer du òg at å bu i Distrikts-Noreg er noko som er ein god ting for både deg og andre? Då må du lese vidare.
Les meir om stillinga på jobbnorge.no.
Søknadsfrist: 15. mai 2025
Arbeidsstad: Leikanger eller Sandnessjøen